Vestlandsforsking i The Wall Street Journal

""

Den prestisjetunge avisa siterte nyleg Vestlandsforsking i ein artikkel om auka etterspurnad etter nordiske datasentertenester. Blant selskapa som merkar pågang er BlueFjords i Luster.

Aktuelt

The Wall Street Journal viste fredag 20. april til eit bokkapittel som forskar Hans Jakob Walnum har skrive om energibruk i datasenter. Artikkelen i The Wall Street Journal handlar om auka etterspurnad i den nordiske datasentermarknaden, og særleg på Island.

Digital valuta skapar etterspurnad

Utbygging av datasenterkapasitet gir på den eine sida høve til verdiskaping og arbeidsplassar. På den andre sida kan auka kraftbehov kome i konflikt med omsynet til miljøet. Ein av grunnane til at etterspurnaden etter nordiske datasentertenester aukar, er den store interessa for såkalla utvinning av kryptovaluta eller digitale valutaer. Dette er tunge, matematiske prosessar utført av datamaskiner, og dei krev mykje straum, mellom anna til kjøling.

Auka pågang òg på Vestlandet

Også lokale datasenter ser ein auka etterspurnad frå aktørar som driv med kryptovaluta. Blant selskapa som merkar auken i pågang er BlueFjords i Luster.

– Frå vår side er det viktig å få auka kunnskap om utviklinga i datasentermaknaden for å tilpasse oss framtidige kundar med omsyn til teknologi og utbygd kapasitet, uttalte dagleg leiar i BlueFjords Edvin Brun.

BlueFjords har nyleg sendt ein søknad om eit forskningsprosjekt i samarbeid med Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet til Regionalt Forskningsfond Vestlandet. Prosjektet handlar om kva innverknad kryptovaluta har i datasentermarknaden med omsyn til tenester, energibruk og verdiskapingpotensial. Denne kunnskapen er nyttig for å utvikle gode datasentertenester for framtidas marknad.

Lenke til artikkelen i Wall Street Journal:

https://www.wsj.com/articles/iceland-takes-hard-look-at-tech-boom-sparked-by-its-cheap-bountiful-power-1524130201

Lenke til artikkelen «The Internet: Explaining ICT Service Demand in Light of Cloud Computing Technologies” i boka “Rethinking Climate and Energy Policies”, utgitt på Springer Link:

https://www.vestforsk.no/nn/publication/internet-explaining-ict-service-demand-light-cloud-computing-technologies

Postadresse

Vestlandsforsking 
Postboks 163 
6851 Sogndal

Telefon

906 33 600

E-post

post@vestforsk.no

Org.nr.

965 919 627 MVA

Ansvarleg redaktør

Direktør Merete Lunde

Nyheitsbrev

Me sender ut ein gong i månaden

Sosiale medium