Hydrogen som drivstoff i hurtigbåttrafikk

""
Delar av prosjektgruppa i EKOHYD på oppstartmøte i Hyen. Frå venstre: Stig Vattekar, Hans Jakob Walnum, Torunn Hønsi, Elisabet Kjerstad Bø, Øystein Hunvik og Trond Strømgren

I eit nytt forskingsprosjekt skal ein mellom anna finne ut kva hurtigbåtruter i Sogn og Fjordane og Nordland som er eigna for bruk av hydrogen og brenselceller.

Aktuelt

Prosjektet skal utvikle forslag til miljøkriterium for offentlege anbod innan hurtigbåttrafikk. Hans Jakob Walnum ved Vestlandsforsking skal leie forprosjektet.

Torsdag 29. juni var det oppstartsmøte for forprosjektet som har fått namnet EKOHYD (effektiv og optimal implementering av hydrogen og andre lågutsleppsløysningar i hurtigbåttrafikk). Ein skal særleg sjå på moglegheitene for å kutte klimagassutslepp og lokale utslepp ved å ta i bruk hydrogen som drivstoff. Møtet fann stad i lokala til Brødrene Aa i Hyen, som dei siste åra har satsa mykje på produktutvikling, og er i dag verdsleiande på null- og lågutsleppsløysingar for passasjerbåtar bygd i karbonfiber.

Noreg har forplikta seg til å redusere klimagassutslepp i ikkje-kvotepliktig sektor med 40% innan 2030 samanlikna med 2005-nivå. Dette  inneber at transportsektoren må redusere klimagassutslepp med 50% frå dagens nivå. For å lukkast med dette må teknologien utviklast i raskt tempo, og barrierar rundt kunnskap om ny teknologi, tryggleik, regelverk, infrastruktur og kostnadar for å ta teknologien i bruk overvinnast. I tillegg vil omstillinga krevje eit målretta samarbeid mellom myndigheiter, næringsliv, forsking, og ikkje minst mellom aktørar i heile verdikjeda for sjøtransporttenester langs kysten.

I forprosjektet skal det gjennomførast miljøanalysar for ulike etablerte hurtigbåtruter i Sogn og Fjordane og Nordland, og den nye kunnskapen skal danne grunnlag for seinare å kunne utvikle anbodsprosessar der miljø og klimakrav vert vektlagt i større grad. Det vert lagt vekt på dialog og samarbeid mellom forskarar, næringa og fylkeskommunale innkjøps- og samferdselsavdelingar i prosjektet.

Det er Regionalt Forskingsfond Vest (RFF-Vest) som finansierer forprosjektet, som er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Nordland Fylkeskommune, Maritim Forening Sogn og Fjordane, Høgskulen på Vestlandet, Nordlandsforsking og Vestlandsforsking. Prosjekteigar er Sogn og Fjordane Fylkeskommune og prosjektleiar er Hans Jakob Walnum ved Vestlandsforsking.