Forskar på sosiale medium si rolle i krisesituasjonar

Vestlandsforsking er denne veka vertskap for 20 internasjonale forskarar og partnarar frå europeiske nødetatar som samarbeider i eit EU-finansiert forskingsprosjekt. Målet er å få meir kunnskap om sosiale medium si rolle i krisesituasjonar, og å utvikle ny teknologi som gjer at kriseleiingar og naudetatar kan dra nytte av informasjon som vert spreidd i sosiale medium under krisesituasjonar.

Det EU finansierte forskingsprosjektet “EmerGent”, har prosjektmøte på Kviknes Hotel i Balestrand 1. – 2. september 2015. Det er Vestlandsforsking som organiserer møtet. Prosjektdeltakarane har tidlegare hatt møte i Italia, England og Tyskland, og no er turen komen til Sogn og Fjordane.

“EmerGent” står for "Emergency Management in Social Media Generation".  Prosjektet, som er finansiert  frå EU sitt FoU-program, starta opp i 2014 og skal gå over tre år fram til 2017. Prosjektet studerer sosiale medium si rolle i krisesituasjonar og skal ut frå dette utvikle og teste nye IKT-løysingar for betre samhandling mellom publikum og nødetatane.

Inntoget av sosiale mediar har forandra måten vi kommuniserer på. Under krisesituasjonar blir ofte viktig informasjon delt i sosiale medium, for eksempel gjennom ei Facebookside eller gjennom ein Twitter-emneknagg. Dette skjer over heile verda. Problemet er at desse sosiale nettverka ofte er svakt kopla til kriseleiing og nødetatar. Etatane blir derfor ikkje i stand til å fange opp potensielt verdifull informasjon som er delt på sosiale medium. EU har derfor peika på eit behov for eit forskingsprosjekt som ser på korleis ein effektivt kan identifisere og integrere verdifull informasjon frå sosiale medium i krisehandteringsprosessane.

Under krisesituasjonar vert det generert store mengder informasjon i sosiale medium. Forskarane vil studere både positive og negative sider ved sosiale mediar, korleis folk oppfører seg på sosiale mediar under ei krise, kva informasjon som vert delt og kva medium som vert nytta. Forskarane arbeider med å utvikle nye datasystem for å kunne skilje støy frå viktig informasjon ein kan stole på under krisesituasjonar, slik at kriseleiing og nødetatane kan integrere informasjon frå sosiale medium i krisehandteringa.

Ved Vestlandsforsking er det professor Rajendra Akerkar og forskingsleiar Ivar Petter Grøtte som deltek. Instituttet i Sogn og Fjordane er leiar for ei av dei seks deloppgåvene i prosjektet.

I tillegg til Vestlandsforsking er University of Paderborn (Tyskland), IES Solutions (Italia), University of Siegen (Tyskland), Oxford Computer Consultants Ltd. og Tavistock Institute of Human Relations (Storbritania), European Emergency Number Association (EENA, Belgia), Federation of firefighters associations of the European Union (FEU, Luxemburg), Fire Department of the City of Dortmund (Tyskland) og Scientific and Research Centre for Fire Protection (CNBOP-PIB, Polen) involvert i prosjektet. Det er 20 forskarar og representantar frå europeiske nødetatar som møtest i Sogn og Fjordane for å diskutere delresultat og planlegge vidare arbeid i forskingsprosjektet.

- Det er viktig for Sogn og Fjordane at Vestlandsforsking deltek i internasjonale forskingsprosjekt og byggjer kunnskap om handtering av viktige samfunnsutfordringar, slik som i dette EmerGent-prosjektet, seier direktør i Vestlandsforsking Merete Lunde. – På den måten kan vi løfte opp hendingar her heime og lære av dei, samstundes som vi utvekslar erfaringar frå andre land, og dermed hentar heim kunnskap som er til nytte for utvikling og verdiskaping i fylket. Stadig meir av dei norske forskingsmidlane vert lagt i EU systemet, og då er det viktig at me evnar å delta i EU finansierte forskingsprosjekt og hentar heim kunnskap derfrå, avsluttar ho.