God respons for WIMS'11-konferansen

Konferansen WIMS '11 (International Conference on Web Intelligent, Mining and Semantics) har fått stor merksemd og mange innsende paper. Konferansen blir avvikla 25.-27. mai i Sogndal og er no open for registrering.

Utlysing av paper (Call for papers) til WIMS'11 har fått stor respons frå heile verda. Programkomiteen for WIMS'11 har nyleg avslutta evalueringsarbeidet av dei innsende bidraga. Frå 170 innsende bidrag er 50 paper og 15 posterar godkjende for presentasjon, noko som gir ein akseptansegrad på 38 %. Sidan det er ein ny konferanse har WIMS'11 vore heldig med å få så mange gode forfattarar, komite-medlemer, rådgivarar (Advisory members) og elles støttespelarar for å gjennomføra konferansen.

Høgdepunktet på konferansen vil bli dei inviterte foredraga (keynotes) frå Jim Hendler, Marko Grobelnik, Sören Auer, og Peter Mika. Det vil også bli ein eigen sesjon med presentasjon av norske forskingsprosjekt innan temaet. Denne sesjonen vil tilby norske prosjekt, og spesielt prosjekt under VERDIKT-programmet, eit eineståande høve til å presentera seg for ein større forskingspublikum og knyta nye kontaktar internasjonalt.

Det er også ein grunn til at Norges forskingsråd har støtta konferansen.

Det er venta at deltakarane vil femna breidt frå studentar til professorar og frå programmerarar til it-leiarar. Deltakarane vil komma frå mange land, med rundt halvparten frå Europa, 15 % frå USA og Canada og resten frå Asia, Midt-Austen og Sør-Amerika.

Det omfattande programmet for konferansen er tilgjengeleg på nettsiden for konferansen, http://wims.vestforsk.no saman med registrering og informasjon om overnatting.