Velferdsteknologi for kommunane i Sogn og Fjordane - fase 3

Prosjektet har som hovudmål å vidareføre det felles arbeidet med kunnskaps- og erfaringsgrunnlaget for planlegging og implementering av velferdsteknologi i pleie- og omsorgstenesta i alle kommunane i Sogn og Fjordane.  Kommunane skal no gå frå prosjekt og pilotar til dei første operative løysingane, og denne prosessen må bygge både på nasjonale tilrådingar, trygge teknologiske val og den opparbeidde erfaringa frå forsøka hittil i Sogn og Fjordane.

Hovedmålet blir konkretisert og operasjonalisert gjennom følgjande konkrete delmål:

  1. Vidareutvikle og kapitalisere på felles kunnskapsutvikling og fagleg forum for alle kommunane i Sogn og Fjordane
  2. Vurdere og teste integrering av fagsystem og responssenter for alarmar
  3. Mobilisering og involvering av brukargrupper
  4. Introduksjon av gevinstrealisering og vidareføring av pilotar
  5. Prosjektleiing

Målgrupper for prosjektet er både kommunar og ulike brukargrupper for velferdsteknologi

Start date:
End date:
Financed by:
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Flora kommune
Id:
6419
Project lead: