Vekst i Indre Sunnfjord. Kartlegging av vekstpotensialet i utvalde Sunnfjord-bedrifter.

Rapport
Id:
2017-14

Denne rapporten er frå forstudiet «Kartlegging av vekstpotensialet i utvalde bedrifter i Indre Sunnfjord» finansiert av Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Vestlandsforsking skal bistå Sogn og Fjordane fylkeskommune i leiinga av prosjektet "Regional kompetansestrategi" som skal styrke regionen sin balanse mellom tilbod og etterspurnad etter kompetent arbeidskraft. VF har i samarbeid med fylkeskommunen og Sunnfjord Utvikling kartlagt vekstpotensialet i utvalde bedrifter i Sunnfjord. Oppdraget har mellom anna gått ut på å

  • vere med å tilpasse/utvikle ein arbeidsmetodikk som kan løyse denne oppgåva og førebu bedriftsbesøk
  • gjennomføre bedriftsbesøk/intervju saman med Sunnfjord Utvikling
  • systematisere og analysere informasjon frå bedriftsbesøka
  • utarbeide ein kort rapport som oppsummerer bedriftsbesøka.

Ni industri-og teknologibedrifter i Sunnfjord vart intervjua i september og oktober 2017. Dette vart koordinert med ein lokal strategiprosess der til saman 28 organisasjonar vart intervjua. Sunnfjord Utvikling vart i tillegg intervjua.

Forstudiet skal gje råd om retning og prioritering på vidare arbeid.

Postadresse

Vestlandsforsking 
Postboks 163 
6851 Sogndal

Telefon

906 33 600

E-post

post@vestforsk.no

Org.nr.

965 919 627 MVA

Ansvarleg redaktør

Direktør Merete Lunde

Nyheitsbrev

Me sender ut ein gong i månaden

Sosiale medium