Ut på tur, alltid på nett. Sosiale medium i distriktsbasert reiseliv, med utgangspunkt i Sogn og Fjordane

Rapport
Id:
November 2014
Utgjevar:
NTNU

Masteroppgåve i studiar av kunnskap, teknologi og samfunn (STS) Trondheim, november 2014.

Sosiale medium er ikkje eit klart definert omgrep, men blir her grundig drøfta for å synleggjere den store breidda i tenester som høyrer inn under omgrepet, og kan vere aktuelle for reiselivsbedrifter å nytte seg av.

Oppgåva gjev ei oversikt over kva sosiale nettenester som er aktuelle for det distriktsbaserte reiselivet i Sogn og Fjordane, kva tenester som er i bruk i dag, kva tenester turistane som kjem til området oppgir å bruke, og korleis tenestene blir brukte. Eit utval bedrifter som har blitt intervjua blir spesielt presenterte med forteljingar om deira bedrift og bruk av sosiale medium. Kva tenester som kan vere spesielt eigna i distriktsbasert reiseliv blir også drøfta. Dette blir så analysert i eit aktør-nettverk-teoretisk perspektiv.

Analysen viser at ulike skript formar korleis ulike tenester blir tekne i bruk og kor nyttige dei er for turistane. Reiselivsverksemdene har domestisert tenestene, helst med utgangspunkt i kva dei kjenner til privat, og i liten grad strategisk og planmessig. Det ser ut til at reiselivsbransjen burde sjå mindre på kva som er sosialt og kvar ein kan marknadsføre seg, og meir på kva sosiale medium som faktisk tilbyr nyttig informasjon til turistane. Det er også tydeleg at måten dei ulike tenestene er utforma og oppfører seg, skriptet som styrer bruken av dei, har mykje å seie for turistane sin bruk.