Ungdomsbarometer i Sogn og Fjordane

Notat
Id:
2004-11

Ungdomsbarometeret for Sogn og Fjordane er ei spørjeundersøking retta mot ungdommane i andre klasse yrkesførebuande fag og tredje klasse studieførebuande fag i Sogn og Fjordane. Det har i fleire år vore ulike former for politisk arbeid, fylkesplanarbeid og ungdomssatsingar. Desse har i hovudsak hatt som føremål å leggje til rette for gode oppvekststilhøve, og å stimulere til attendeflytting. Ungdomsbarometeret er ein informasjonsbase over kva ungdommane i Sogn og Fjordane meiner om fylket og framtida. Og såleis eit verktøy vidare i denne prosessen gjennom å gje ei meir systematisert oversikt av ungdommane sine synspunkt.