Notat
Id:
notat 2005-15

 

 

Ungdomsbarometeret 2005 er ei spørjegransking retta mot sisteårselevar på vidaregåande skular i Sogn og Fjordane. Undersøkinga har to siktemål.

Det første er å samle informasjon og kunnskap om ungdom i Sogn og Fjordane sine tankar og val. Her fokuserer vi særleg på korleis ungdomen i fylket tenkjer kring utdanning, arbeidsliv og (attende)flytting.

Den andre målsetjinga er å bidra til å gje ungdom informasjon om kva ei framtid i fylket kan by på av moglegheiter og utfordringar. Dette skjer dels i sjølve undersøkinga, og dels i formidlinga gjennom Furore-satsinga.

Ungdomsbarometeret er starta opp på andre året, med mål om å bli ein informasjonsbase over kva ungdommane i Sogn og Fjordane meiner om fylket og framtida. I år har vi i tillegg valt å utvide undersøkinga med ein kvalitativt orientert studie av Stryn vgs. Målet er både å få ei djupare forståing av hovudtrekka i surveyen, og å fokusere på Stryn sine ambisjonar om å utvikle ein entreprenørorientering blant ungdom