Ungdom og medverknad i "Ung i Sogn og Fjordane" - Delrapport 1. Evaluering av "Ung i Sogn og Fjordane"

Rapport
Id:
2004-5

Delrapport 1 er den første av tre rapporter som er ei evaluering av Ung i Sogn og Fjordane. Dette er eit program gjennomført av Sogn og Fjordane fylkeskommune, og er sett saman av ei rekke tiltaksprosjekt på 24 store og små satsingområde.

Rapporten drøftar korleis ungdom på ulike vis kan medverke både til utforming av politikk til meir generelt å ha påverknadskraft i utforming av kvardagen. Medverknad var ei viktig målsetjing i Ung i Sogn og Fjordane. Gjennom kvalitative intervju med ungdomar viser vi at dei i deler av programmet har vore svært aktive, medan dei er mindre synlege i andre prosjekt. Her har dei påverka gjennom å få tiltaka prioriterte,
utan at unge sjølve har vore med i utforminga. Data viser at prosjekta dekker områder som er svært viktige for unge i fylket sin trivsel.