Søkemotorassistert kategorisering av offentleg informasjon

Rapport
Id:
2003-12

Rapporten omtalar eit forsøk med to siktemål:

  1. Utvikla og testa ein metode for bruk av søkemotor som verktøy for oppdatering av
    LivsIT med statleg informasjon
  2. Undersøka om denne metoden kan delvis erstatta dagens manuelle oppdateringsrutinar

    Forsøka viser at ved å etablera kolleksjonar langt ute i LivsIT-hierarkiet, kan ein definera presise søk som gir gode resultat i LivsIT-samanheng. Forsøka viser vidare at ved optimalisering av underliggjande dokument, t.d. ved bruk av metadata, kan ein klara seg
    med færre kolleksjonar.