Oppstart av FoU aktivitet i Landskapsparkar i Hordaland
Våren 2006 valde FMLA Hordaland å samarbeide med Vestlandsforsking, Rokkansenteret og Aurland Naturverkstad i utvikling av landskapsparkar i fylket. Saman med brukarane utvikla FOU-miljøa ein brukarstyrt søknad til Norges Forskningsråd. Vidare vart FOU-miljøa engasjert til å delta på to seminar saman med bygdene hausten 2006. Vestlandsforsking hadde frå mai til november 2006 løpande
kontakt med FMLA for å bidra med innspel til utvikling av programmet.
På basis av denne involveringa av FOU-miljøa gav dei følgjande tilråding for det vidare arbeidet etter fellesseminar i slutten av oktober 2006:
1. Styrke forankringa av arbeidet i bygdene, bygdemøtet, velje styre, arbeidsgrupper etc.
2. Spesifisere forretningsideen for kvart bygdeprosjekt: korleis skal ein tene pengar på å ta vare på landskapskvalitetane?
3. Kva har de lært av tidlegare prosessar?
- kva for organisering fungerer lokalt
- korleis byggje på etablerte møteplassar, organisasjonar og tiltak
- kva for forretningsidear gir lønsam næring?
4. Utvikle framdriftsplan for kvart bygdeprosjekt: aktivitet - type resultat, arena, tidsplan, ansvar.