Los - teknisk oppbygging og praktisk bruk

Av:
Rapport

Sidan Norge.no overtok ansvaret for prosjektet LivsIT, no Los, har Vestlandsforsking bidrege både med prosjektleiing og rådgiving til det ferdige systemet. Denne rapporten forklarer den tekniske oppbygginga av Los og viser praktiske eksempel på bruk av Los i ein typisk portal.

Rapporten har tre hovuddelar:

  1. Teknisk oppbygging
  2. Los-ressursar ved hjelp av web services
  3. Eksempel på bruk i portalar

Den første delen tek for seg den tekniske oppbygginga av Los-systemet. Deretter blir det vist korleis ein kan får tilgang til Los-ressursar (struktur, emneord og tilknytte nett-ressursar) via web services utforma etter REST-prinsippet. Til slutt blir det vist ein del eksempel på bruk av Los i portalar. Rapporten har også eit vedlegg med detaljert gjennomgang av alle Los-element.