Lokale kjelder for proteinfôr til husdyr og fiskeoppdrett på Vestlandet

Notat
Id:
2017-9

Potensielle og aktuelle kjelder for protein til dyre- og fiskefôr i Hordaland og Sogn og Fjordane er kartlagt. Det er gjort avklaringar omkring kva slags teknologiar som er aktuelle i dei to fylka for å utnytte både nye biologiske råstoff og restressursar. Potensialet for nydyrking av tunikat og makroalgar vart rekna til å vere betydeleg større enn potensialet for utnytting av dei eksisterande restressursane trevirke, biogass frå husdyr og deponi, slakteri- og fiskeavfall, rest frå frukt-, bær- og grønsaker og ølbrygging. Om protein frå tunikat og makroalgar kan utnyttast direkte er tidlegare lite undersøkt. Insektlarver kan vekse på mange av dei kjeldene som er vurdert i forprosjektet, og er ein potensiell omdannar av protein frå kjelde til fôr. Om larver kan leve på tunikat og makroalgar er lite undersøkt.

Dagens lovverk knytt til animalsk restråstoff og biprodukt set grenser for bruken av slike kjelder til produksjon av fôrprotein. Dette har størst konsekvens for produksjon av fôr til husdyr. Det finst unntak for bruk av restråstoff frå fiskeoppdrett. Protein frå insekt reknast som animalsk protein og er derfor avgrensa av det same regelverket. Det er likevel endringar på gang for regelverk knytt til insekt som fôr til fisk og dyr. Regelverket knytt til vegetabilske råstoffkjelder til fôr set grenser for innhald av uønskt stoff.

Det er i prosjektet vorte utvikla kriteria for optimal lokalisering av næringsverksemd knytt til utnytting av lokale ressursar til produksjon av proteinholdig fôr. Ei regional analyse for dei to fylka visar høgst potensiale på bruk av biomasse frå grøn sektor i kommunane Gloppen og Voss, og rå blå sektor i Flora og Austevoll. I prosjektperioden er det knytt kontakt med relevante FOU-aktørar og bedrifter som er aktive innan utnytting av lokale kjelder til fôrproduksjon. Fleire av desse er interessert i å delta i RFF hovudprosjektet med fokus på alternative kjelder for protein til fôr.