Rapport
Id:
2003-1

Denne rapporten går inn som ein del av eit næringsretta strategisk instituttprogram (SIP). I samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane er det gjennomført ei kartlegging av status på ehandel og IKT-basert samarbeid i eit lite utval verksemder. Denne kartlegginga er å sjå på som ein pilotstudie for statusen i verksemdene. Rapporten gir innsikt i status for e-handel og IKT-basert samarbeid i bedriftene og deira verdikjeder.

I tillegg gir rapporten ein oversikt over nasjonale satsingar som har hatt aktivitet i Sogn og Fjordane i løpet av 2002. Den gir ei kort innføring i noko av litteraturen rundt temaet e-handel og IKT-basert samarbeid.