Konstruksjon av informasjonsstruktur for tematisk avgrensa informasjonsdomene.

Rapport
Id:
2006-1

I dette notatet omtalar vi eit prosjekt gjennomført i samarbeid med Gloppen og Stryn kommune. Målet var å etablera ein informasjonsstruktur som representerer dei publikumsretta oppgåvene til ein kommune og å komplettere denne med nokre statlege oppgåver publikum kunne tenkjast å ville venda seg til kommunen for å få informasjon om. Notatet omtalar metodane for det teoretiske arbeidet og for testing av resultatet, gjennomføringa av prosjektet og det gir resultatet.