Konsekvensar av klimaendringar for norske skianlegg

Rapport
Id:
2017-10

Internasjonalt er det gjort fleire studiar av klimasårbarheit og klimatilpassing i vinterturismen, men ingen systematiske analysar har tidlegare vore gjort av dette i Norge, trass i at ski og snø er viktig både for samfunns- og næringsliv.

Prosjektet «Konsekvensar av klimaendringar for norske skianlegg» er difor det første av sitt slag i Norge. Prosjektet viser at det kjem til å bli stadig kortare natursnøsesong, men mange norske skianlegg kan i stor grad oppretthalde ein god lengde på skisesongen ved hjelp av kunstsnøproduksjon. Å kunne auke kapasiteten til å produsere kunstsnø, både i form av ein auka dekningsgrad i skianlegget, og som absolutt auke av produsert snø gjennom sesongen, vert difor avgjerande for dei fleste skianlegg utover i hundreåret. For å oppretthalde destinasjonsattraktivitet når natursnøtilhøva blir dårlegare, må skianlegg òg vere kreative for å utvikle tilbod til bestemte målgrupper, t.d. barnefamiliar eller utanlandske grupper.