Klimasårbarheit i hyttenæringa i Oppland
Rapporten vurderer i kva grad hyttenæringa i Oppland er sårbar for framtidige klimaendringar, utsleppsreduserande klimapolitikk og samfunnsendringar som følgje av desse. Rapporten vurderer og kva tilpassingar hyttenæringa i Oppland kan gjere for å redusere eigen sårbarheit for klimaendringar. Det er særleg tre utviklingstrekk som kjem til å påverke hyttenæringa i Oppland sin klimasårbarheit i framtida; endra snøtilhøve, endra ferievanar og endra arealpolitikk. Rapporten konkluderer med at hyttenæringa i Oppland kan gjere ein rekke tilpassingar for å redusere sårbarheita og halde oppe den lokale verdiskapinga. Med ein medviten klimatilpassing er det grunn til å tru at hyttenæringa i Oppland vil vere mindre klimasårbar enn hyttenæringa i andre delar av landet.