Kartlegging og kategorisering av offentlege vevtenester

Rapport
Id:
rapport 2001-10

Vestlandsforsking har gjennomført ei kartlegging av offentlege vevtenester med omsyn til omfang og kategori etter oppdrag frå Statens informasjonsteneste. I tillegg er det uvikla eit nettmeter for presentasjon av status for offentlege nett-tenester. Nettmeteret vart presentert på norge.no på 1-årsdagen for tenesta (24. januar 2001) og blir oppdatert regelmessig.

Kartlegginga av vevtenester er gjort ut frå ein utviklingsmodell (”tenestetrapp”) som beskriv fire ulike nivå i utvikling av ei offentleg vevteneste. Vi har utvida denne modellen til også å innehalda ”påbegynt kategori” for å få betre fram den utviklinga offentlege vevtenester er i. I arbeidet med kategorisering av tenestene er det lagt stor vekt på å bruka terminologi og indikatorar føreslegne brukt i eEurope-arbeidet slik at resultata kan brukast vidare i den nasjonale rapporteringa for tilstanden i offentleg sektor.

rapport-10-01.pdf (893.17 KB)