Information infrastructure and rural innovation systems. A study of the dynamics of local adaptation of ICT. Dr.gradsavhandling

Rapport
Id:
2007-13

Tilgang på og bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) og tilstrekkeleg infrastruktur er viktig for utvikling og levekår både i distrikta og bynære område.  Ei viktig utfordring er å sikre ei balansert utvikling som gir like tilhøve alle stader. Målsettinga med dette doktorgradsarbeidet er å kaste lys over utfordringane små samfunn og bygder har med å ta i bruk IKT. Eit viktig spørsmål er kva lokale tilpassingar småsamfunna har gjort for å kunne sikre nødvendig infrastruktur og utnytte IKT for å ta del i den generelle utviklinga i samfunnet.
Utviklinga i småsamfunn og bygder blir påverka av global og nasjonal utvikling. Avhandlinga ser på kva grep småsamfunn kan ta for å møte desse utfordringane. Globale trendar kan gjere småsamfunna marginaliserte fordi marknadsøkonomien har større fokus på kostnaden for å levere tenester enn på verdien av tilgangen. For å oppnå det same som bynære samfunn må småsamfunn i utkantane mobilisere og samordne lokale ressursar som eit mottrekk til den toppstyrte utviklinga.
Doktorgradsarbeidet har analysert tre case som viser korleis kommunar, bedrifter og privatpersonar i distrikta handlar for å møte slike utfordringar. Ein teoretisk informert analyse er gjennomført for å identifisere viktige faktorar for å gjere ei lokal utviklinga mulig. Avhandlinga bidrar teoretisk ved å diskutere konsept frå litteraturen i forhold til eksempla. Avhandlinga identifiserer ei rekkje faktorar som verkar inn på lokaltilpassing. Når nye utfordringar må handterast, vil desse faktorane kunne nyttast i ein metode for å strukturere, analysere og prioritere mulige tiltak.
Avhandlinga konkluderer kunnskap om lokale forhold, om kunnskapsressursar og eksisterande strukturar, gjer at ein kan konsentrere utviklinga og utnytte  den eksisterande infrastrukturen der det er mulig og bygge nytt der det er nødvendig. Når lokale aktørar møter globale utfordringar, bør dei utnytte eksisterande kunnskaps- og relasjonsressursar og mobiliseringsevne. Slik kan dei søke saman lokalt og vere betre stilt i møte med dei eksterne utfordringane.