Rapport
Id:
2007

Los er etterfølgjaren til systemet LivsIT  – eit prosjekt som vart starta heilt tilbake i 1996, men som av ulike grunner aldri fekk skikkelig fotfeste. No er systemet gjennomgått og endra på vesentlege punkt og betre tilpassa dagens digitale utfordringar.

Systemet er framfor alt snevra inn til å omhandla offentlege tenester og informasjon om desse. Kjernen av systemet er ei emneordliste som blir brukt til å karakterisera informasjonsressursar på nettet, dvs. skjema, tenestebeskrivelsar og annan informasjon knytt til offentlege tenester. Gjennom eit utvekslingssystem kan kommunar og andre offentlege verksemder presentera eigne tenester og tenesteinformasjon saman med andre relevante offentlege tenester og tenesteinformasjon. Stikkordet her er bokstaveleg tala emneordet; det er det som knyter informasjonen saman.

Emneordlista er laga som eit kontrollert vokabular under kontroll av Norge.no. Ved å bruka dei same emneorda blir informasjon knytt saman. Los kan brukast på mange måtar; frå den enkle måten med å bruka hovudkategoriane som menypunkt under 'Tenester', til full implementasjon som inneber at kommunen/verksemda må knyta emneord til eigen informasjon.

Handboka gir ei enkel innføring i prinsippa bak Los og ei oppskrift på korleis ein kan ta i bruk systemet. Den primære målgruppa for handboka er tilsette i kommunesektoren med eit ansvar for kommunen sine nettsider.