Grenseoverskridande risiko i jordbruket Analyse av klimarisiko i Klepp kommune, del 2

Rapport
Id:
Oktober 2021

Innanfor klimatilpassing har fokuset lenge vore på korleis vi kan tilpasse oss eit endra klima innanfor landegrensene. I dei siste åra har det vore i meir grad eit aukande fokus på grenseoverskridande risiko. Korleis kan Noreg bli påverka av klimaendringar i andre land gjennom handel, finans, menneskjer (turisme. migrasjon) og gjennom biofysiske prosessar. Fleire land, til dømes Finland, Sverige, Storbritannia og USA og Noreg, har sett på denne problemstillinga på eit nasjonalt nivå. I denne rapporten har ein sett på korleis grenseoverskridande risiko kan på verke jordbruket på eit lokalt nivå. I samarbeid med fylkeskommunen og Statsforvaltaren i Rogaland, Klepp kommune og ein rekkje aktørar innanfor jordbruket har ein kartlagt verdikjeder for å synleggjere dei kompliserte strøymingane jordbruket har med omverda. Verdikjeda har kartlagt import av råvarer og ressursar for jordbruket. Soya blir trekt fram i arbeidet som ein råvare med lite robust verdikjede med tanke på klimaendringar. Noreg importerer i all hovudsak ikkje-genmodifisert soya frå Brasil. Den norske importen utgjer mellom 10-20% av ikkjegenmodifisert produksjon og det vil seie at norsk import blir betydeleg påverka viss avlinga svikta. Det har ikkje vore mogleg i dette arbeidet å kvantifisere risikoen for Klepp kommune. Grenseoverskridande risiko har til no blitt vurdert på eit nasjonalt nivå og det er ein utfordring å trekkje det ned på lokalt nivå. Det vil krevje fleire og meir avanserte analysar. Kartlegging av risikoeigarskap er ein måte å få risikoen fordelt på aktuelle aktørar som blir ramma, set med verkemidlar til å gjere noko eller aktørar som burde gjere noko med verdikjedane.