Evaluering av kompetansereforma i Sogn og Fjordane

Rapport
Id:
2002-10

Organiseringa og gjennomføringa av realkompetansedelen av Kompetansereforma har vore vellukka i Sogn og Fjordane. Personar som har fått gjennomført ei realkompetansevurdering, er gjennomgåande godt nøgd med dei tenestene dei har motteke, både ved servicesentera og i samband med sjølve realkompetansevurderinga. Deira vurdering av desse tenestene ligg noko over gjennomsnittet for tilsvarande kartleggingar av andre offentlege tenester. Dagens ordning med tre servicesenter er nær opptil det optimale.

Utgreiinga har og avdekka nokre sider ved gjennomføringa av realkompetansedelen i fylket som kan betrast. For det fyrste vert det i dag nytta for få ressursar til informasjon om Kompetansereforma i fylket. Det er truleg ein nær samanheng mellom informasjonsaktiviteten og talet på personar med rett som vender seg til servicesenteret. For det andre vil ein svært desentralisert organisasjonsmodell i permanent drift kreve etablering av eit noko meir formalisert planleggings- og oppfølgingssystem enn det som vert praktisert i dag.

Når det gjeld opplæringsdelen av Kompetansereforma, bør det leggjast opp til meir bruk av IKT i opplæringa. Dette verktøyet kan gjera opplæringa meir fleksibel og gje rom for at deltakarane kan gå inn og ut av opplæringa i høve til eigne førehandskunnskapar.