Evaluering av innføring av EPJ i Helse Førde og elektronisk meldingsformidling

Rapport
Id:
2007-10

Vestlandsforsking har evaluert innføring av papirlite sjukehus i Helse Førde og har hatt særleg fokus på eit av delprosjekta, ein pilot innan elektronisk meldingsformidling mellom Helse Førde og tre legekontor i Sogn og Fjordane. Denne rapporten med prosjektstatus pr. september 2007 er den siste av tre leveransar i evalueringsoppdraget.

Funna frå evalueringa kan oppsummerast i følgjande hovudpunkt 

  1. Etablering av eit felles servicesenter er eit vellukka organisatorisk grep i innføring av elektronisk pasientjournal (EPJ). Noko arbeid står att før den nye organisasjonen har sett seg. 
  2. Opplæring og informasjon både var og er kritisk. Å opprette ein eigen EPJ-seksjon med særleg ansvar for dette var eit nødvendig grep. Det er viktig å følgje dette opp.
  3. Det er viktig å bli einig om konkretisering av meldingsutforming. Evalueringa har vist at det er store skilnader mellom legane sine oppfatningar av t.d. kva som er ei godt utforma henvisning.
  4. Helse Førde sparer truleg 5 mill i 2007, som er første driftsår. Målet om 30 mill. kr innsparing etter innfasingsperioden synest å vere innan rekkevidde 
  5. Prosjektorganisasjonen hadde truleg levert resultat tidlegare med meir tilførte ressursar internt og frå Helse Vest IKT. Tekniske komponentar og ressursar har ikkje vore tilgjengeleg tidleg nok eller som føresett. Det har vore stort press på mange medarbeidarar som har måtte ta på seg prosjektarbeidet i tillegg til arbeid i linjeorganisasjonen. 
  6. Tilpassing av klientteknologi er nødvendig for å hjelpe legar og andre tilsette som må forflytte seg mykje. Dette er ei nasjonal utfordring.
  7. Standardiseringsarbeid generelt er viktig. Oppfyllinga av EPJ-standarden synest å vere for dårleg og byr på problem med meldingsutveksling mellom ulike system. Her bør erfaringar frå Noark-godkjenning drøftast. Eventuell tilpassing til Noark-5 bør også drøftast, særleg med bakgrunn i høyringsuttalane som er gjevne. Vi vil også peike på at erfaringane og resultata i BEST-prosjektet truleg har stor overføringsverdi for meldingsutveksling mellom ulike EPJ-system.

Fleire av tiltaka som Helse Førde har gjort i dette prosjektet, og det lokale samarbeid i Sogn og Fjordane, bør vere mal for liknande prosjekt. Direktoratet bør innleie samarbeid med Helse Førde for å sikre vidare læring og nasjonal erfaringsutveksling.