Effektar og konsekvensar ved endring av kommunestruktur for kommunikasjon og transport

Rapport
Id:
2003-8

 

 

Spørsmålet om transport har vore lite framme i litteratur omkring kommunesamanslåing og som tema for evalueringar av kommunesamanslåing. I den grad temaet har vore med, er det først og fremst knytt til spørsmålet om kostnadseffektivisering, og då forstått som endring av den interne transporten innan kommuneorganisasjonen.

Den eksterne transporten knytt til pendling for kommunalt tilsette eller transport utført av innbyggjarane som brukarar av kommunale tenester, har i mindre grad vore fokusert. For å studere effektar i høve transport har vi tatt for oss dei fire tunge tenesteområda helse, skule, barnehage og eldreomsorg, og rekna ut endringar i den samla interne og eksterne transporten for tre kommune-case: Nordfjordregionen, Ålesundregionen og nye Fredrikstad kommune.

I dei to første tilfella har vi vurdert transporteffektar av ein mogeleg framtidig kommunesamanslåing medan vi for Fredrikstad har vurdert effektar av ein gjennomført samanslåing. Vidare har vi med grunnlag i eigen forsking i tilknyting til reformen ”Miljøvern i kommunane”, Lokal Agenda 21, lokal klimapolitikk og utgreiingar Vestlandsforsking har gjort i samband med den pågåande debatten om oppgåvefordeling i miljøpolitikken, har vi utvikla ein samanhengande argumentasjon om korleis endringar i kommunestruktur kan påverke vilkåra for berekraftig utvikling.

 

rapport-8-03.pdf (1.02 MB)