Digitaliseringsfylket Sogn og Fjordane

Rapport

Forprosjektet «Digitaliseringsfylket Sogn og Fjordane» har undersøkt stoda i kommunane i fylket på områda:

  • Arkiv til arkiv-utveksling av informasjon (elektronisk dokumentutveksling – EDU)
  • Avlevering av arkivinformasjon til depot • Bruk av sikker digital post og e-signering
  • Løysingar for innsyn i offentleg postjournal

Resultata frå forprosjektet viser at det er eit stort innsparingspotensial ved innføring av elektronisk dokumentutveksling og at det er grunnlag for eit hovudprosjekt for å gjennomføra og realisera dei tiltaka som er nemnde over.