Rapport
Id:
2003-16

På oppdrag frå Statens Husbank er det rekna ut direkte og indirekte hushaldsrelatert energibruk og økologisk fotavtrykk for husstandar i ulike busituasjonar: by/land, tett-/spreiddbygd, nært/fjernt frå sentrum og einebustad/rekkehus/blokk. Resultata baserer seg i hovudsak på eigne data samla inn frå Førde og Stor-Oslo, men det er også tatt med spesialkøyringar av data frå Folke- og bustadteljinga.