Rapport
Id:
April 2021

Bakgrunnen for rapporten er ei utgreiing gjort for Rogaland fylkeskommune om klimarisiko i Rogaland og eit Europeisk forskings- og utviklingsprosjekt om metodar for analyse av klimarisiko (UNCHAIN). Med utgangspunkt i analysen av klimarisiko for Rogaland gjort for Rogaland fylkeskommune i 2020, og som ein del av UNCHAIN prosjektet skal Vestlandsforsking gjennomføre eit delprosjekt i Klepp. Denne rapporten er utforma som eit fagleg innspel til kommunen sitt vidare arbeid med å konkretisere dei risikoforholda i jordbruket som kan knytast til forventa endringar av klimaet lokalt i Klepp og kva tiltak kommunen eventuelt kan og bør setje i verk for å redusere desse. Det blei gjennomført tre hovudaktivitetar i samarbeid med Rogaland fylkeskommune og Klepp kommune: Eit orienteringsmøte for ei arbeidsgruppe, presentasjon for kommunestyret, og ein arbeidsverkstad. I arbeidsverkstaden var mange ulike aktørar invitert med for å kome fram til ulike påverknader, kva blir eksponert, sårbarheitar og risiko for jordbruket i Klepp kommune. I tillegg skulle ein kome fram til ulike løysingar, tiltak og strategiar på bakgrunn av analysen. Rapporten gjer ein oppsummering av materialet frå arbeidsverkstaden og korleis ein kan ta arbeidet vidare.