«Ambisjonane er høgare, men me får det ikkje heilt til»

Rapport
Id:
April 2023
Utgjevar:
Vestlandsforsking

Som del av arbeidet med Norsk klimamonitor er det gjennomført intervju med leiarar og fagfolk i kommunar som deltok i «KS Kommunenettverk om klimatilpasning 2022-2023». Intervjua er gjort som ei oppfølging til ei nasjonal spørjeundersøking gjennomført i 2021. Rapporten syner at ambisjonsnivået og viljen til å drive klimatilpassingsarbeid i kommunane har auka. Likevel er det barrierar som gjer at kommunane ikkje får gjort jobben på den måten dei sjølv meiner er naudsynt. Det manglar framleis ressursar og statleg samordning.

Omtale av rapporten på KS sine nettsider