Sogn og Fjordane Fylkeskommune har saman med Norges Forskingsråd reetablert ei kompetansemeklingsteneste i Sogn og Fjordane som eit av fleire verkemiddel for regional FoU og innovasjon (VRI).  Kompetansemeklarane frå Kunnskapsparken og Vestlandsforsking skal byggje bru mellom bedrift og forskingsmiljø. Saman med næringslivet har VRI bestemt at fokus for innsatsen i  er bedrifter i Sogn og Fjordane, uavhengig av bransje, men med FoU- behov. Prosjektet har eiga nettside www.vrisfj.no

Vestlandsforsking bidreg som underleverandør for Kunnskapsparken som har prosjektleiing med å:

  • besøke bedrifter saman med Kunnskapsparken og individuelt der det passar
  • medverke til utforming av prosjektforslag som involverer bedrifter og kunnskapsmiljø både i og utanfor fylket
  • medverke til internasjonalisering, samt formidle bedrifter til verkemiddelapparatet for vidare oppfølging, eller kople bedrifter vidare til relevante satsingar der det er rett
  • bidra i koordinering med andre i førstelinjetenesta og formidlingsinnsats via vrisfj.no støtte Kunnskapsparken med innspel på innhald i årleg rapportering og handlingsplan

 

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Kunnskapsparken Sogn og Fjordane
Prosjektnummer:
6243
Prosjektleiar:
Senior Researcher