Velferdsteknologi i kommunane i Sogn og Fjordane - fase 5

Velferdsteknologi har fått stor merksemd dei siste åra. Interessa er serleg knytt til ein venta auke i tal på personar med behov for pleie- og omsorgstenester, utan tilsvarande auke i helsepersonell.  Velferdsteknologi er ei av løysingane som skal gjere helse- og omsorgstenesta i stand til å oppretthalde kvaliteten på tenestene i åra framover.

Dette er fase 5 av prosjektet «Velferdsteknologi i kommunane i Sogn og Fjordane», og målet er å vidareføre felles arbeid med kunnskaps- og erfaringsgrunnlaget for planlegging og implementering av velferdsteknologi i pleie- og omsorgstenesta i alle kommunane i Sogn og Fjordane og vere eit avgjerande nettverk og fagforum for vidare spreiing steg for steg.  Fase 5 bygger vidare på nasjonale tilrådingar og erfaringar frå dei 9 kommunane frå fylket som har delteke i det nasjonale spreiingsprosjektet sidan 2017, samtidig som prosjektet identifiserer konkrete løysingar basert på kunnskap og erfaring frå Sogn og Fjordane.  I dette inngår vidareføring av arbeidet med å utarbeide prosedyrar og retningslinjer for samhandling mellom ulike organisasjonsdeler, fagsystem og eit regionalt responssenter, dvs. Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.           

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Prosjektnummer:
6498
Prosjektleiar:
Leiande seniorforskar og forskingsleiar
Prosjektmedarbeidarar:
Aktuelt:
  • Aktuelt
    ""

    Fylkesprosjektet for velferdsteknologi i kommunane i Sogn og Fjordane har sidan 2014 vore ein sentral arena for å engasjera kommunar og ei rekkje andre aktørar i fylket til å starte arbeidet med velferdsteknologi som ei støtte i kommunane si pleie- og omsorgsteneste.