Utviklingsavtale - Digital kompetanse

Sogn og Fjordane fylkeskommune har teke initiativ til eit utviklingssamarbeid mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF) og Vestlandsforsking (VF). Fylkeskommunen skal bidra med midlar til ei satsing over 3 år innafor berekraftig reiseliv og IKT (dette prosjektet).

Utviklingsavtalen skal bidra til fleire og større forskingsprosjekt ved dei to institusjonane, den skal bidra til utvikling av doktrograds- og professorkompetanse og den skal styrka den faglege utviklinga ved HSF og VF gjennom internasjonalt arbeid og nettverksbygging.

Følgjande satsingsområde på IT-sida er peika ut i avtalen:

  • Brukarseminar for identifisering og formidling av tematiske fellessatsingar (seminar for dei IT-tilsette ved HSF og VF
  • Undervisningssektoren: Utvikling av digital kompetanse (e-læring)
  • Kultur: Semantiske problemstillingar; møte mellom nettbaserte tenester og brukarar
  • Offentleg sektor (e-forvaltning): e-demokrati og interaktivie brukardrivne tenester (web 2.0), prosesstøtte og gevinstrealisering ved IT-bruk i organisasjonar
Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
I samarbeid med:
Høgskulen i Sogn og Fjordane
Prosjektnummer:
6134
Prosjektleiar: