Utvikling av mal for miljørapportering for Oslo Sporveier

Prosjektet inngår som del av eit større prosjekt for Oslo Sporveier der VF er bedne om å utvikle ein mal for framtidig miljørapportering frå Oslo Sporveier. Det er eit mål av miljørapporteringa i størst mogleg grad skal presenterast i monetære termer, men med utgangspunkt i fysiske tal. Miljørapporteringa skal metodisk basere seg på eit eksplisitt berekraftperspektiv, og opnar såleis for metodeutvikling i høve til tradisjonell metodikk med omsyn til verdsetting av miljøforhold. I det første delprosjektet skal det gjerast ein avgrensa framtidsstudie av eit trendalternativ og eit privatbilalternativ, og korleis nokre sentrale miljøindikatorar vil slå ut i Oslo for år 2016.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Oslo Sporveier
Prosjektnummer:
2150
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar: