Ulikskaper i ventetider på kreftbehandling i Helseregion Vest

Det er for mange som ventar for lenge på kreftbehandling, og Helsetilsynet har fleire gonger gitt påbod til sjukehus om å rette på dette. Målsettingane i dette delprosjektet er å kartleggje ulikskapar i ventetid for kreftbehandling mellom tre sjukehus i Helseregion Vest, og årsakene til slike ulikskapar. På bakgrunn av dette kan vi få informasjon om kva som kan bidra til meir effektiv og lik prioriteringspraksis. "Effektiv" i denne samanheng betyr at prioriteringane i størst mogeleg grad realiserer dei samfunnsmessige målsettingane om korleis fordelinga av helsetenester bør vere. I prosjektet skal ein analysere tilgjengeleg statistikk over ventetider, analysere offentlege påbod og retningsliner for prioriteringspraksis på området, samt intervjue sentrale avgjerdsinstansar. Prosjektet er del av eit større prosjekt om prioriteringar i norsk helsevesen.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Helseregion Vest
Prosjektnummer:
3201
Prosjektleiar:
Forskingsleiar