fly og lys

Turisme og klimarisiko:

ein modell for korleis det norske reiselivet kan redusere klimautslepp og auke verdiskaping (TourRisk)

Oppdragsgjevar
Noregs forskingsråd
Leia av
Vestlandsforsking
Prosjektperiode
-

Trass i at Norge har forplikta seg til å bli eit lågutsleppssamfunn i løpet av dei neste 30 åra, har ein til no sett få tiltak som verkeleg monnar. For å nå klimamåla, vil samfunnet bli nøydd til å gå gjennom ei djup omstilling. Alle sektorar må kutte i utsleppa sine, også reiselivet, som i dag står for eit stort energiforbruk og betydelege utslepp av klimagassar, særleg frå transport. Næringa er samtidig forventa å bli eit viktig bein å stå på etter oljealderen, og utfordringa er å finne balanse mellom høg verdiskaping og lave klimagassutslepp. Dette byr på ein del utfordringar som prosjektet TourRisk går nærare inn på.

Geirangerfjorden
Geirangerfjorden er eit populært reisemål på Vestlandet. (Foto: Unsplash)

Risiko knytt til klimapolitikk

Risiko er eit nøkkelord for forskinga. To typar risiko står sentralt i prosjektet. Den første går ut på at reiselivet truleg må kunne takle nye kostnader fordi samfunnet skal redusere klimagassutsleppa, til dømes ved at aktørane må skaffe seg ny og dyr teknologi som reduserer utslepp frå transport eller ved at styresmaktene aukar skattlegginga av klimgassutslepp. Endringar i klimapolitikk i og utanfor Noreg kan òg påverke turistane sitt reisemønster.

Risiko knytt til klimaendringane

Den andre typen risiko prosjektet ser på, kan kallast klimaendringsrisiko, altså at det turistane kjem for å oppleve i Norge, uteblir eller blir mindre tilgjengeleg som følgje av klimaendringane, t.d. at skidestinasjonane manglar snø slik at turistar avbestiller reisene sine og uteblir. Denne typen risiko kan òg handle om at eit lokalt reisemål eller Norge generelt blir oppfatta som utrygt på grunn av hyppigare og verre ekstremvêr-hendingar. Det kan òg ha ein del å seie for Norge korleis andre land taklar utsleppskutta og tilpassar seg følgjene av klimakrisa.

Hovudmålet med prosjektet er å kome fram til kva slags politikk som kan gi oss den reiselivsnæringa Norge verkeleg treng i framtida, gitt klimasituasjonen verda står overfor. Framtidas norske reiseliv må vere motstandsdyktig og robust, slik at kriser og hendingar ute i verda ikkje slår beina under verksemdene, og ein må finne måtar å auke verdiskapinga på, samtidig som utsleppa av klimagassar blir lågare.

I media
Sjå video om TourRisk
Arbeidspakkar
AP 1: Klimagassutslepp (carbon)

Arbeidspakke 1 handlar om å berekne klimagassutsleppa for reiselivet i Noreg og lage scenario for korleis ulike delar av reiselivet kan omstille seg til ei framtid med låg- eller nullutslepp. Hans Jakob Walnum ved Vestlandsforsking har ansvar for denne delen av prosjektet.

AP 2: Verdiskaping (value)

Arbeidspakken dreier seg om verdiskaping og sysselsetjing. Forskinga i denne delen av prosjektet rører ved tema som ideell prissetjing og pris sett opp mot oppfatningar om verdi.

BI og Norges Handelshøyskole utfører forskinga med støtte frå Vestlandsforsking og HVL. Arbeidspakken er leia av Nina Marianne Iversen.

AP 3: Aktørar (stakeholders)

Målet med denne arbeidspakken er å få ei djupare forståing av oppfatningar og synspunkt i reiselivssektoren når det gjeld sentrale spørsmål i TourRisk-prosjektet.

Forskarane hentar kunnskap frå arbeidsverkstader og intervju. Planen er å gjennomføre ca. 35 intervju med leiarar i sju ulike delar av reiselivet: cruiseskip/ferjer, luftfart, leigebil, jernbane, overnatting, aktivitetar, turistattraksjonar og reiselivsorganisasjonar. Undersøkinga legg spesiell vekt på dei norske fjordane og Svalbard.

 Agnes Brudvik Engeset ved Vestlandsforsking har ansvar for denne arbeidspakken.

AP 4: Marknader (markets)

Målet med arbeidspakken er å kartlegge sårbarheit i reiselivet, særleg i fjordane på Vestlandet. Ei viktig kjelde til kunnskap er marknadsundersøkingar som viser korleis turistar ser på ulike former for risiko.

Hovudansvaret for denne arbeidspakken ligg hjå Ove Oklevik ved Høgskulen på Vestlandet.

AP 5: Politikk (policies)

Arbeidspakken skal skissere korleis reiselivsnæringa i Noreg kan sjå ut i 2030 dersom ein lukkast med å redusere utsleppa.

TourRisk legg fram tilrådingar om korleis reiselivsnæringa kan bli meir motstandsdyktig, redusere utslepp av klimagassar og auke verdiskapinga.

Kristin Løseth ved Vestlandsforsking har ansvar for denne arbeidspakken.

 

Foto frå prosjektsamlingar

Her kan du sjå glimt frå aktivitetane i prosjektet. Det første fysiske prosjektmøtet fann stad på Voss hausten 2022.