Tilpassing eller transformasjon: To alternative scenario for eit klimarobust og berekraftig vestlandsbruk

I dette kvalifiseringsprosjektet vil vi byggje vidare på resultata frå eit forprosjekt med tittel: "Jordbrukets doble klimasårbarhet".  Målet er å utvikle eit fullskala forskarprosjekt som inkluderer problemstillinga knytt til korleis utvikle eit klimarobust skogbruk og korleis avvege forholdet mellom alternativ framtidig bruk av produktive utmarksareal til skog- eller jordbruksproduksjon.

Kvalifiseringsprosjektet skal utvikle tre hovudfasar i eit hovudprosjekt.  Ei innleiande kunnskapsoppsummering, ein utgreiingsfase der ulike scenario for Vestlandsbruket blir utvikla og ein konstruktiv faser der aktuelle val for vegar inn i framtida blir drøfta opp mot kvarandre.  Vi vil involvere brukarar i å etablere tre scenario:

  1. "Business as usual"
  2. Utvikling av nye teknologiske løysingar
  3. Endringar i sosial og økomisk organisering i samfunnet

 

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Regionalt forskingsfond Vestlandet
Prosjektnummer:
6345
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar:
Publikasjon(ar):