Teori møter realitet - implementering av regionale innovasjonsinstrument

Det vert argumentert med at innovasjonssystemtilnærminga gir eit godt bilete av korleis ein innovasjonsdriven økonomi fungerer, og fleire innovasjonspolitikkinstrument er utvikla med denne tilnærminga som modell. Programmet "Virkemidler for regional FOU og innovasjon" (VRI) er eit slikt instrument oppretta av Norges forskingsråd. Ein studie av VRI-prosjekta i Møre Romsdal, Hordaland og Sogn og Fjordane kan kaste lys over om innovasjonssystemtilnærmingane gir ønska resultat. Denne samanlikninga i Vestlandsregionen er serleg relevant fordi forsking og innovasjon i aukande grad vert regionalisert.

Samanliknbare data har alt blitt samla gjennom deltaking i VRI-møte, dokumentgranskingar og semi-strukturerte intervju i dei fire VRI-regionane. Prosjektet skal analysere denne empirien og har som mål både å bidra til den akademiske litteraturen og med tilbakemelding til dei regionale aktørane.

Prosjektdeltakarane skal produsere ein artikkel i ein internasjonal akademisk journal, og ein populærvitskapleg artikkel. Vidare skal resultat presenterast for regionale og nasjonale VRI-organisasjonar, og innovasjonspolitikkutformarar. Prosjektet skal også bygge nettverk mellom fire regionale forskingsinstitutt på Vestlandet.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
The Research Council of Norway
Prosjektnummer:
6161
Prosjektleiar: