Strategi for breiband i Sogn og Fjordane

Prosjektet sitt mål er å utvikle ein strategi for andre generasjons breiband i Sogn og Fjordane. Fylkesutvalet er styringsgruppe for prosjektet.  Planen skal vere fylkeskommunen sitt posisjonsdokument i samhandlinga med andre aktørar, nasjonalt, regionalt og lokalt der ein konkretisererer mål og val av strategiar for korleis fylkeskommunen best mogleg kan nytta sine verkemiddel.  Økonomiske konsekvensar skal innarbeidast som ein del av fylkeskommunen si budsjetthandsaming for 2012-2015.

FU ber om at følgjande vert greidd ut i samband med strategiarbeidet:

  • Ei tydeleg problemanalyse og konsekvensutgreiing
  • Ein gjennomgang av fylkeskommunen sine verkemiddel og handlingsrom
  • Framlegg til mål for arbeidet og strategiske val for å nå dei
  • Ei oversikt over aktuelle tiltak ut frå dagens situasjon
  • Økonomiske konsekvensar på kort og lang sikt
  • Ei vurdering av samarbeidet med partnarskapen for å sette fylkeskommunen sine verkemiddel inn i ein samanheng

 

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Prosjektnummer:
6222
Prosjektleiar: