Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF) og Vestlandsforsking (VF) samarbeidde i prosjektet «Innovation in Rural Places – Conditions and Barriers». Prosjektet var eit VRI-prosjekt mellom 2011-2014 finansiert av Sogn og Fjordane fylkeskommune og Norges Forskningsråd og samarbeidspartane bidrog vesentleg med eigenfinansiering. Resultata av prosjektet har vore rapportar, kronikkar, bokkappittel, presentasjonar og artiklar.

Fylkeskommunen og andre aktørar interesserte seg særskilt for å få utvikla eit nyttig verktøy som gjer bruk av ny kunnskap utvikla i prosjektet. Ein delaktivitet av Utviklingsavtalen 2015-2018 var difor å utvikle og ferdigstille ein første og enkel versjon av ein verktøykasse for utvikling av innovative nettverk. Dette vart utvikla i norsk versjon i 2016 og engelsk versjon i 2017. Verktøykassa har eit teoretisk fundament, men skal vere lett tilgjengeleg og ha relevans for både næringsaktørar og verkemiddelapparat.

Fylkeskommunen nytta den engelske versjon av verktøykassa som fundament for Interreg P-IRIS, som fram til no har samla in 18 kartleggingar av innovative nettverk, 3 frå kvar partnar. For P-IRIS ønsker Fylkeskommunen no å få vidareutvikla verktøykassa med følgjande element :

  • Revidert verktøykasse
    • Basert på evaluering fra partnerne
    • Herunder blant annet informasjon/håndtering av former for fragmentering
  • Ny og forbedret introduksjon
  • Gode eksempler (basert på erfaringer fra tidligere besvarelser)
  • Tips om nettbaserte kilder til flere anerkjente verktøy (spesielt mtp. ledelse og kultur)
  • Språk: norsk og engelsk
  • Akademisk publisering vert vurdert
Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Sogn og Fjordane Fylkeskommune
I samarbeid med:
Høgskulen på Vestlandet
Prosjektnummer:
6520
Prosjektleiar:
Publikasjon(ar):