Vestlandsforsking er bedt om å leia prosjektet ”Opne kommunedata” for KS Sogn og Fjordane. Prosjektet skal samarbeide med Førde komune og Sogn og Fjordane fylkeskommune om opne data. Saman med Førde kommune skal vi identifisera aktuelle datakjelder for publisering. Data frå nokre av desse kjeldene skal så publiserast og saman med gruppa for digitalt entreprenørskap i IT-forum skal vi utvikla ein demonstrator for bruken av data for å vise det forretningsmessige potensialet i opne data.

Prosjektet skal også samarbeida med Sogn og Fjordane fylkeskommune og deira teneste Fylkesspegelen. Her skal vi sjå på måtar å publisera statistikkgrunnlaget bak tenesta, og peika på alternativ utnytting av desse data.

Prosjektet samarbeider tett med prosjektet Semicolon II – eit prosjekt for semantisk samhandling i offentleg sektor.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Kommunenes Sentralforbund Sogn og Fjordane
Prosjektnummer:
6268
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar: