Leiartreningssenter i Sogn og Fjordane

Forprosjektet skal vurdere mulegheitene for å etablere eit leiaropplæringssenter i Sogn og Fjordane. Samarbeidspartnarar er BI, NHO og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Arbeidet skal særleg vurdere marknadsmessige føresetnader gjennom intervju med representantar for norsk og internasjonalt næringsliv, og samanlikne dette med utviklingsplanar hjå involverte partnarar. Vidare skal forprosjektet vurdere modellar og løysingar for integrering av moderne informasjons- og kommunikasjonsteknologi i satsinga. Ein eigen aktivitet ser også på koplingar mot ulike opplevingselement knytt til natur- og kulturarv i Sogn og Fjordane.
Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
NHO, Høgskulen i Sogn og Fjordane, BI
Prosjektnummer:
5162
Prosjektleiar:
Forskingsleiar TekSam