Fylkesdekkande IT-tenester for helse i Sogn og Fjordane 2

Arbeidet bygger vidare på prosjektet ”Utrulling av fylkesdekkande IT-tenester for helse i Sogn og Fjordane” og på eit forprosjekt som definerte behov, mål og aktivitetar gjennomført i Sogn og Fjordane, samt Pilotprosjektet som er gjennomført for meldingsutveksling mellom Helse Førde og dei tre kommunane Flora, Gaular og Luster

Hovudmål: Prosjektet skal støtte vidare etablering av samordna IT- basert tenestetilbod i grensesnittet mellom kommunane og helseføretak i Sogn og Fjordane.

Hovudmålet er konkretisert gjennom eit sett av delmål som definerer aktivitetane i prosjektet. Delmål 1 og 2 er hovudaktivitetar første halvår. Delmål 3 og 4 er hovudaktivitetar etter sommaren.

Delmål 1 – Meldingsformidling mellom legekontor og helseføretak: Skal sikre oppfølging av "Det nasjonale meldingsløftet" i Sogn og Fjordane gjennom samhandling mellom Helse Førde og Helse Vest og legekontor/kommunar.

Delmål 2 – Legevakt samarbeid SYS Forprosjekt: 1) Etablering av elektronisk samhandling mellom Sunnfjord og ytre Sogn legevaktsentral (SYS IKL), enkeltkommunar og Helse Førde. 2) Pilot for utgreiing og utprøving av telemedisinsk kommunikasjonsløysing (video) mellom kommunane og SYS IKL.

Delmål 3 – Meldingar som krev personleg PKI: Vidareføre meldingsløftet for meldingar som krev personleg PKI på legekontor til dømes sjukmelding til NAV og eResept til apotek (når den vert lansert). Nokre kommunar har innført meldingar mot NAV, døme Flora, Førde og Luster, men ikkje alle kommunar/legekontor har dette.

Delmål 4 – Meldingsformidling mellom legekontor, PLO og helseføretak – ELIN-K. Oppfølging/vidareføring av Elin-k prosjekta gjennom planlegging og pilotering av meldingstenester mellom helseføretak og kommunal pleie- og omsorg i Stryn med samarbeidande kommunar og Flora.

I tillegg har VF midlar til prosjektleiing og til å arbeide med erfaringsoverføring mellom delaktivitetar og mellom kommunar. 

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
IT-forum Sogn og Fjordane
Prosjektnummer:
6162
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar: