Forprosjekt om klimatilpassing i Nasjonalparkkommunane

Lesja kommune har på vegne av Norges nasjonalparkkommunar fått midlar frå Miljødirektoratet til eit forprosjekt som har følgjande mål: Identifisere korleis tilpassing til klimaendringar kan bli inkludert i planarbeidet knytta til å innfri kriteriesettet for å få nasjonalparkkommunestatus. Kriteriesettet stiller mellom anna krav om at kommuneplanen blir brukt for å ta hensyn til verneområda. Forprosjektet skal danne grunnlag for hovedprosjekt der medlemmane i Norges nasjonalparkkommunar blir trekt inn og der ein ser på kva tiltak som kan settast i gang i nasjonalparkkommunane for å gjere dei betre rusta til å møta klimaendringane, med tanke på kunnskap og kompetanseheving om korleis klimaendringane rører kommunane sine ansvarsområde. Dette vil og ha betydning på regionalt og nasjonalt nivå.

Arbeidet i forprosjektet skal sjåast i nasjonal samanheng og i samanheng med merkevara Norges nasjonalparker, med tanke på merkevara sine intensjonar, aktørane under merkevara og lokale næringsaktørar som skal ta merkevara ut i praksis.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Norges nasjonalparkkommuner
I samarbeid med:
Lesja kommune
Prosjektnummer:
6523
Prosjektleiar:
Forskingsleiar
Prosjektmedarbeidarar:
Forskar og kommunikasjonsansvarleg i Noradapt