Evaluering av kompetansestover og næringshagar i Sogn og Fjordane

Med bakgrunn i satsinga på kompetansestover og næringshagar skal Vestlandsforsking gjennomføre ei evalureing av desse tiltaka. Ei brei nasjonal gransking av næringshagar er nyleg gjennomført, og evalueringa for Sogn og Fjordane vil supplere denne og sjå nærare på dei mer særmerka trekka i fylket. Følgjande problemstillingar vil bli drøfta: 1. Kva type kunnskapsbaserte verksemder eksisterer i tilknytning til satsinga på næringshagar og kompetansestover i Sogn og Fjordane, og kva type kunnskap er det desse verksemdene er knytt opp mot? 2. Kva typar nettverk er etablert mellom verksemdene i næringshagane og kompetansestovene? 3. I kva grad kan satsinga på kompetansestover vere med å byggje opp under mangesyssleriet i Sogn og Fjordane Evalueringa vil skje mellom anna i form av drøftingsmøte med verksemder som er knytt til dei ulike kompetansestovene og næringshagane
Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Prosjektnummer:
2256
Prosjektleiar:
Publikasjon(ar):