Digitaliseringsarbeid i mindre kommunar

Vestlandsforsking skal leia prosjektet "Digitaliseringsarbeid i mindre kommunar - Korleis kan KommIT-programmet best støtta dei mindre kommunane og lære av deira fortrinn?" støtta av RFF Vestlandet.  Eid kommune er prosjekteigar på vegne av KS Sogn og Fjordane. Prosjektet skal undersøkja kva behov dei mindre kommunane, representerte ved kommunane i Sogn og Fjordane, har når det gjeld digitaliseringsarbeid og korleis IT-programmet KommIT i KS best kan støtte opp om dette. KommIT finansierer halvparten av prosjektet og målet er å utarbeida ein søknad til hovudprosjekt, under føresetnad av at forprosjektet viser at det er eit slikt behov.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
KS Sogn og Fjordane
Prosjektnummer:
6329
Prosjektleiar:
Publikasjon(ar):