Breibandløftet Sogn og Fjordane

Breibandløftet Sogn og Fjordane er eit prosjekt som skal gje breiband til 37 bygdelag i 17 kommunar i fylket. Finansieringa i prosjektet er eit spleiselag mellom Staten (Høykom), næringslivet (DAA-fondet), fylkeskommunen og dei involverte kommunane.

Med dette prosjektet vil dei siste bygdelaga med eigne telesentralar få utbygd breiband til nytte for innbyggjarar og næringsliv. Det vert satsa på standard xDSL-teknologi ut til forbrukarane, medan matinga til telesentralane i all hovudsak vert via fibersamband. Vestlandsforsking sin del av prosjektet er prosjektleiiing, rapportering og gjennomføring av motiverande tiltak for å ta i bruk breibandtenester i dei bygdelaga som no får tilgang til "ekte" breiband.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Prosjektnummer:
6050
Prosjektleiar: