Vestlandsforsking har fått i oppdrag av IT-forum Sogn og Fjordane å bidra til at fylket blir best på nett i landet når det gjeld kommunesektoren. "Best på nett" går både på at alle kommunane skal ha eiga vevteneste og at tenestene skal vera best i landet på kvalitet når vi ser på kommunesektoren fylkesvis. Det skal gjennomførast ei kompetanseheving for kommunane i høve presentasjon av offentleg informasjon på nettet. Kompetansehevinga blir gjennomført i form av regionale kurs (Sogn, Sunnfjord og Nordfjord) der det blir lagt vekt på erfaringsutveksling mellom kommunane og informasjon om kva som kjenneteiknar gode offentlege nett-tenester. Dei kommunane som ikkje er på nett i dag, vil få hjelp til å etablera eiga heimeside. I løpet av prosjektet skal det utviklast ein mal for ei offentleg vevteneste. Malen blir stilt til disposisjon for dei kommunane som ønskjer å bruka den. Prosjektet skal evaluerast og resultata presenterast på IT-forum 2003.
Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
IT-forum Sogn og Fjordane
Prosjektnummer:
5235
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar:
Publikasjon(ar):