Berekraftige kommunar i praksis

Prosjektet skal utvikle verktøy for integrering og konkretisering av berekraftig praksis i kommunal verksemd. Ei underliggjande målsetting er å få erfaring med korleis ei heilskapleg berekrafttilnærming kan realiserast innafor kommunesektoren. Det finst eit omfattande "arsenal" av styringsverktøy og styringssystem som er aktuelle i kommunal miljøpolitisk samanheng, samtidig som det ser ut til å vere eit misforhold mellom omfanget av det som er tilgjengeleg og det som faktisk er i bruk. Det er òg stor variasjon mellom kommunane; nokre kommunar har teke i bruk kompliserte system, medan andre ikkje går ut over eit lovpålagt minimum. I ein slik situasjon blir det foreslått ein trappetrinnsmodell der ein utviklar eit basissystem med nøkkelverktøy som er så enkelt å bruke at "alle" kommunar bør kunne ta det i bruk. I tillegg skal ein seie noko om korleis systemet kan utviklast og supplerast med meir avanserte miljøstyringssystem for dei kommunane som ynskjer det og har forutsetningar for det. I prosjektet skal det plukkast ut store bykommunar og mindre kommunar, kommunar med og utan kommunal miljøvernleiar og kommunar som har ulike erfaringar med å prøve ut og ta i bruk styringssystem på miljøområdet, ca. 10 kommunar. Først skal kommunane sine erfaringar med aktuelle styringsverktøy på miljøområdet kartleggjast. Det skal òg avklarast kvifor aktuelle styringsverktøy og styringssystem eventuelt ikkje er tekne i bruk. I dialog med prosjektkommunane skal ein klargjere forutsetningar for auka bruk av miljøstyringssystem, og kome med forslag til tilpassingar og eventuelt kome med forslag til nye system.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
KS
Prosjektnummer:
2192
Prosjektleiar:
Leiande seniorforskar