Avstandsreduserande kommunikasjonsteknologi

Vestlandsforsking har fått i oppdrag av Distriktssenteret å undersøkja kva faktorar som fremjar eller hemmar auke bruk av videomøte og nettoverføring (streaming/webcast). Utgreiinga skal gi ein statusoversikt for bruken av denne teknologien og kva som eventuelt hindrar meir bruk.

Det er særleg bruk av denne teknologien for å fremja kunnskapsdeling og -overføring og nettverksutvikling, som er sentralt.  Sentralt er også premissen om at denne teknologien representerer eit stort potensiale, særleg for distrikta.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Distriktssenteret - Kompetansesenter for distriktsutvikling
Prosjektnummer:
6232
Prosjektleiar:
Seniorforskar
Prosjektmedarbeidarar:
Publikasjon(ar):
Aktuelt:
  • Mangel på teknisk utstyr og løysingar som ikkje ”snakkar saman” er framleis dei viktigaste hindera for auka bruk av videomøte i arbeidslivet. Auka bruk av videomøte og nettoverføring har eit stort innsparingspotensial og vil vera eit viktig element i utvikling av kompetansearbeidsplassar i distrikta. Denne teknologien er sentral i utviklinga av kunnskapsbaserte arbeidsplassar.