Synnøve Støverud
Beitnes
tilsett
Stillingstittel:
Forskar
Akademisk tittel:
Master
Telefon:
Tilsett:
01.06.2021

Synnøve Støverud Beitnes er utdanna samfunnsgeograf og har ein mastergrad i økonomisk geografi, regional utvikling og planlegging frå Universitetet i Bergen. I masteroppgåva med tittelen «Tørkesommeren 2018: En casestudie av jordbrukets resiliens til ekstremværhendelser og utvikling av klimatilpasningsstrategier» undersøkte ho korleis gardbrukarar i Gudbrandsdalen handterte den langvarige tørkesituasjonen og kva ei slik erfaring fekk å seie for vidare planlegging av gardsdrifta med tanke på klimaendringar.

Synnøve har lenge vore engasjert i klima- og miljøspørsmål, og i løpet av studietida har ho mellom anna jobba i miljøorganisasjonen Framtiden i våre hender og UiB Collaboratory ved Senter for energi- og klimaomstilling (CET). Ved CET var ho i 2019 og 2020 koordinator for Bergen International Student Conference – ein tverrfagleg konferanse av, med og for studentar for å diskutere løysingar på vår tids største utfordringar knytt til klima og miljø.

Publikasjonar:
Prosjekt: